Uploaded on 18/03/2011 at 13:16
Uploaded on 18/03/2011 at 13:16

Øystein Sandbukt // Normør

Normør er eit utvalg av slåttar frå Nordmøre, overført frå fele til gitar. Sjølv om det er gitaren som set premissane for det musikalske uttrykket, er det dei klåre, enkle melodiane og dei markante, gode danserytmane i nordmørsspelet som er hovudingrediensen. Litt arrangert, litt improvisert, noko fritt i forhold til tempo og tonalitet - men i all hovudsak tradisjonelt.